Assisterande rektor

full_timeVerifiedPosted 20 Jul 2026

About the role

Sande kommune står overfor ei framtidsretta omorganisering av oppvekst og opplæring. Frå januar 2027 vil rektors leiargruppe ha ansvar for SFO og  grunnskuleopplæring for alle grunnskuleelevar i Sande kommune, med skuleeiningar i Gursken og på Kvamsøy. Skulen i Sande kommune skal drive systematisk pedagogisk utviklingsarbeid i eit inkluderande læringsmiljø med fokus på trivsel og meistring.
Arbeidsoppgåver
Du vil få moglegheit til å vere med å utvikle og forme ny skulestruktur med framtidsretta blikk på pedagogikk, oppvekst og opplæring. Vi vil ha auka fokus på praktisk læring, nærmiljø, mangfald og venskap. Som ein del av rektor si leiargruppe vil du få moglegheit til gjere ein forskjell for barn og ungdom kvar einaste dag. Du vil ha ei sentral rolle i skuleutvikling i Sande kommune og fungere som rektor sin faste stadfortredar. Vi søkjer ein tydeleg, engasjert, strukturert , relasjonssterk og utviklingsorientert assisterande rektor med blikk for alle og hjarte for den einskilde.

Som assisterande rektor vil du få eit betydeleg medansvar for den daglege drifta og langsiktige utvikling. Du vil ha nøkkelfunksjon i arbeidet med å styrke læringsutbytte og trivsel for barn og ungdom, og du vil vere sentral i utvikling av samhald og profesjonsfellesskap. Dette er ei leiarstilling for deg som liker høgt tempo, raske avgjersler, evner å skape arbeidsglede og som ynskjer ein innovativ framtidsretta skule.  Nokre av oppgåvene vil innebere:

Sentral rolle i rektor sin leiargruppe

Delta i strategisk planlegging

Rektor sin faste stadfortredar

Medansvarleg for oppfølging av skulen si pedagogiske utvikling

Støtte , rettleie og følgje opp  tilsette i deira profesjonsutøving, med særskilt fokus på klasseleiing, gode verdiar, elevsyn og vurderingspraksis.

Medansvarleg for dagleg drift, timeplanlegging, vikarhandtering, fråværshandtering, prøve- og eksamensansvarleg.

Deltakande i systematisk, målretta arbeid for å avverge mobbing og utanforskap

Vidare utviklingsarbeid med PALS, BTS og implementering av pedagogiske verktøy for universell utforming av læringsøkta.

Andre oppgåver delegert av rektor

Kvalifikasjonar

Er utviklingsorientert og kan anvende kunnskap om skuleforsking.

Har evne til å involvere medarbeidarar i gode utviklingsprosessar.

Har godkjent pedagogisk utdanning og undervisningskompetanse for grunnskulen.

Har relevant leiarutdanning og /eller har leiarerfaring.

Kompetanse innan prosjektleiing er ynskjeleg

Kompetanse og interesse for ITO og utvikling av universell utforming av opplæringsøkter

Kompetanse og interesse for forebygging av utanforskap, rus og psykiatri

Gode digitale kunnskapar og ferdigheiter

Personlege eigenskapar

Kommuniserer godt og tydeleg, og evner å skape tillit i møte med elevar, føresette og kollega.

Du evner å fremje gode verdiar i tråd med skulen sitt mandat, og eit grunnleggande menneskesyn der kvar einskild elev opplever å vere verdifull for fellesskapet.

Vi ser etter deg som har god sjølvinnsikt og eit sterkt ønske om å spele andre gode.

Som kreativ, innovativ og framtidsretta pedagog bidreg du til å styrkje det tverrfaglege profesjonsfellesskapet i skule og SFO.

Personlege eigenskapar vil verte vektlagt

Vi tilbyr

Eit inkluderande arbeidsmiljø og eit sterkt profesjonsfellesskap som ber preg av fagleg fokus og engasjement

Ein skule der relasjonar, verdiar og læring går hand i hand

Tett samarbeid og støtte i skulens leiarteam

Gode moglegheiter for kompetanseutvikling

Sande kommune har gode pensjons- og forsikringsordningar

Det skal leggast fram godkjent politiattest ved tilbod om tilsetjing. Attesterte kopiar av vitnemål og arbeidsstadfesting samt dokumentasjon av godkjent tenesteansiennitet må leggast fram på førespurnad, eller last opp som vedlegg til søknad.

Trur du at du kan ha fortrinnsrett til stillinga? Du kan lese meir om fortrinnsrett på Sande kommune sine heimesider
Tilsetjing skjer etter kommunalt avtaleverk og på dei vilkår som kjem fram av lover, reglement og tariffavtalar.
Det takast atterhald om endring av tenestestad, ansvars- og arbeidsområde samt eventuelle tilpassingar i stillinga sitt innhald etter kommunens skiftande behov.

Sande kommune er i kommunegruppe 6. Det vil sei at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1.januar 2025 årleg få sletta studielånet med kr. 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort

KontaktinformasjonLilly-Arlen Kvalsund, kommunalsjef oppvekst og kultur, +47 93221131
ArbeidsstadVågen 10
6082 Gursken
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sande kommune

Referansenr.: 5152337017
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.08.2026

Om arbeidsgiveren:

Sande kommune er ein kystkommune i Møre og Romsdal med ca. 2500 innbyggarar. Sandesamfunnet inngår i ein felles bu- og arbeidsregion for Søre Sunnmøre med om lag 50.000 innbyggarar. Innanfor ei reisetid på 30–45 min. har ein tilgang til det ein treng av arbeid, til sjukehus, høgskule, flyplass, handel og opplevingar. Kommunen har eit variert og innovativt næringsliv, med hovudvekt på næringar knytt til den verdsleiande maritime klynga på Sunnmøre. Alt dette med utgangspunkt i unike naturmessige omgjevnader, i oversiktlege og trygge miljø med plass til alle.

Apply for this role

Generate a tailored application kit with a matched cover letter, interview prep, and CV highlights — in under 60 seconds.

Generate Application Kit

Free account required — sign up in 30s

Government Listed

Official government employment listing

Source: EURES EU Employment Services
Last confirmed active: 20 Jul 2026

Company

View all open roles →