Jobs and Careers

Rådgjevar/seniorrådgjevar

full_timeVerifiedPosted 20 Jul 2026

About the role

Om stillinga og arbeidsstaden
Du er ikkje kven som helst.

Du er ein som ser behova til barna, forstår kor viktige trygge rammar er, og veit at gode fosterheimar kan endre liv. I Bufetat får du ikkje berre ein jobb – du får ei rolle i eit viktig samfunnsoppdrag, der innsatsen din bidreg til at barn og unge får tryggleik, tilhøyrsle og gode oppvekstvilkår. No søkjer vi deg som vil bruke kompetansen din til å finne gode løysingar for barn som treng fosterheim, og som ønskjer å vere ein del av eit sterkt fagmiljø i fosterheimstenesta i Region vest.

Fosterheimstenesta er delt inn i fire regionale avdelingar: rekruttering, opplæring, formidling og kompetansestøtte. Til saman har tenesta 64 årsverk.

Fosterheimstenesta Region vest, har no ledig to 100 % stillingar som rådgjevar/seniorrådgjevar. Den eine stillinga er fast og ligg i rekrutteringsavdelinga, medan den andre er eit vikariat i formidlingsavdelinga. Det kan bli aktuelt å tilsetje i ytterlegare ein fast stilling.

Vi ønsker fortrinnsvis tilsette som kan ha kontorstad på lokasjon Haugesund, men det kan også være aktuelt å ha lokasjon Stavanger som arbeidsstad.

Arbeidsoppgåver
Her er nokre av arbeidsoppgåvene:

Arbeidsoppgåvene omfattar rekruttering av fosterheimar, mellom anna å planleggje og gjennomføre rekrutteringsprosessar med særleg vekt på familie, nettverk og nærmiljø. Vidare skal ein handsame tilvisingar om fosterheim i tråd med gjeldande rutinar og samarbeide med barn, familiar, barnevernstenesta samt interne og eksterne aktørar for å finne ein eigna fosterheim tilpassa behova til barnet.

Stillingane krev at dei som blir tilsett, er fleksible og kan utføre andre oppgåver i fosterheimstenesta ved behov. Det må reknast med noko kvelds- og helgearbeid knytt til enkelte oppgåver.

Den faste stillinga er knytt til rekrutteringsavdelinga, som har ansvar for rekruttering av fosterheimar i tett samarbeid med den kommunale barnevernstenesta. Arbeidsoppgåvene omfattar òg å halde informasjonsmøte og gi tett oppfølging av aktuelle fosterheimskandidatar.

Vikariatet er knytt til formidlingsavdelinga, som arbeider med handsaming av tilvisingar om fosterheim i samarbeid med barn, familiar og barnevernstenesta.

Det må kome tydeleg fram i søknaden kva for stilling du søkjer på.

Kva bakgrunn har du?
Vi ser etter deg som har:

Minimum fullført bachelorgrad eller 180 studiepoeng innan helse- og/eller sosialfag, fortrinnsvis barnevernspedagog eller sosionom. Andre relevante utdanningar som tilsvarar 180 studiepoeng og/eller bachelorgrad kan bli vurdert.

God forvaltningsforståing og kunnskap om skriftleg dokumentasjon, lovverk og forskrift.

Erfaring og gode haldningar til fleirfagleg og tverretatleg samarbeid rundt barn og familie.

Særs god munnleg og skriftleg fremstillingsevne på norsk.

Sertifikat for bil.

I tillegg ønsker vi at du har:

Gode IKT-ferdigheitar, samt gode haldningar til digitalisering og til å ta i bruk ny teknologi.

Relevant vidareutdanning.

Erfaring frå endrings- og utviklingsarbeid.

Solid erfaring frå barnevernsfeltet, fortrinnsvis frå kommunal barnevernteneste.

Kunnskap og erfaring frå innovasjon og prosjektleiing.

Personlege eigenskapar

Arbeide løysingsorientert, fleksibelt og nyskapande.

Handtere komplekse problemstillingar og ta initiativ til å finne gode løysingar i samarbeid med andre.

Ha god evne til å samhandle med barn og familiane deira.

Arbeide sjølvstendig og sikre framdrift i oppgåver.

Aktiv bidragsytar i forbetrings- og utviklingsarbeid og handtere endringar.

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt

Kva får du hos oss?

Stillingane er plasserte i statleg lønnsregulativ i stillingskode 1434 rådgjevar, p.t. kr 620 000 - 710 000 pr. år, stillingskode 1364 seniorrådgivar, p.t kr 650 000 -760 000 pr. år.

Lønn og stillingskode blir vurdert etter utdanning og erfaring.

Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar. Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekt.

Sosiale tiltak saman med gode kollegaer.

Godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.

Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit enda betre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.

Opplysningar til deg som søkjar

Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.

Stillinga er for tida lagd til Fosterhjemstjenesten i region vest.

Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast med søknaden.

Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.

Prøvetid i samsvar med Statens personalhandbok.

Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.

Kva skal søknaden din innehalde?
For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og laste opp vitnemåla og attestane dine. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane din.

Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen.

Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Vi ber også om at du legg inn kopi av fysisk førarkort, og skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no.

Om arbeidsgiveren:

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor.

I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon.

Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg.

Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Apply for this role

Generate a tailored application kit with a matched cover letter, interview prep, and CV highlights — in under 60 seconds.

Apply Now →Generate Application Kit

Free account required — sign up in 30s

Company

View company profile →