About the role

I FUS har me høge ambisjonar for barnehagane våre.

Sævarhagen FUS barnehage er ein barnehage med høgt fagleg fokus og godt arbeidsmiljø. Me ligg midt i eit fantastisk nærmiljø ved Hystadmarkjo på Stord, og er ein inkluderande og trygg møteplass der barn sin leik, utvikling og trivsel står i sentrum. Me jobbar etter FUS sine satsingsområde, med særleg fokus på prosjektarbeid knytta til nærmiljø og estetiske fag, leik, språk, relasjonar og livsmeistring.
Mat og måltid er ein viktig del av kvardagen vår, og vi legg vekt på gode, sunne og inkluderande matopplevingar.

Er du engasjert? Tar du initiativ? Samarbeider du godt med andre? Snakkar du med barn på ein open, ærleg og tydeleg måte?

Verdset du kunnskap? Er du trygg på eigen kompetanse og erfaring? Søker du fagleg råd og rettleiing i utfordrande situasjonar? Verdset du andre sin kunnskap og lærer av andre?

Er du reflektert? Er du medviten om di vaksenrolle og barnet si rolle? Evnar du å sjå deg sjølv og utfordrande daglegsituasjonar i eit heilskapsperspektiv og finn løysingar på utfordringar?

Ja? Då er du kanskje den me ser etter!

Kokken vår skal ut i permisjon og me søkjer difor ein engasjert og strukturert kokk i 100 % vikariat frå 01.10.26-14.08.27. Det kan bli aktuellt med tidlegare oppstart.
Du vil få ansvar for planlegging og gjennomføring av måltida i barnehagen, og bidra til å legge grunnlag for gode matvanar hjå barna.
Søknadsfrist 25.06.2026.
Kvifor velge oss:

Me satsar på høg kvalitet og kompetanse i alle ledd

Du blir ein del av eit stort nettverk med engasjerte kollegaer

Du får vere med og påverke kvardagen til barna

Du vert ein del av eit inkluderande og godt arbeidsmiljø

Du får stor fridom under ansvar

Du får løn og vilkår jfr FUS tariffavtale

Arbeidsoppgåver:

Planlegge og lage sunne, varierte og næringsrike måltid

Følgje nasjonale retningslinjer for kosthald i barnehage

Sikre eit likeverdig mattilbod til barn med særlege behov knytta til mat og måltider

Handtere innkjøp og bestilling av varer

Sikre gode rutinar innan hygiene og IK-mat

Bidra til matglede og involvere barn i enkle aktivitetar

Samarbeide tett med personalet i barnehagen

Kvalifikasjonar

Erfaring frå kjøkkenarbeid (fagbrev som kokk er ein fordel)

Kunnskap om ernæring og mat for barn

Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

God kompetanse om IK-mat og hygienekrav

Me ønsker at:

Du er glad i barn og ønskjer å bidra til eit godt oppvekstmiljø

Du er strukturert, sjølvstendig og påliteleg

Du er positiv, fleksibel og løysingsorientert

Du har fokus på kvalitet og matglede

Du trivst med å samarbeide med andre

Søkjarar vil bli vurdert i forhold til personleg eignaheit, i tillegg til kompetanse og erfaring. FUS har eit mål om å vere ein barnehage prega av mangfald, der ulike perspektiv, erfaringar, bakgrunnar og evner bidrar til eit inkluderande fellesskap.

Tilsetjinga føreset godkjent politiattest i henhald til barnehagelova som må leverast før eventuell tiltreding i stillinga.

Om arbeidsgiveren:
null